Informasjon til nye elevar ved skulen
Kjære ungdommar
Velkomen til nytt skuleår, særleg velkomen til deg som er ny på Firda denne hausten. Vi gler oss til å bli betre kjent med deg. Ynskjer og alle vg2 og vg3 elevar velkomen tilbake.
Å starte på ny skule er både utfordrande og spennande. Du skal jobbe med nye fag, du vil få nye lærarar og ikkje minst du får sjansen til å bli kjent med mange nye ungdommar. Firda har i alle år hatt elevar frå store deler av fylket. Det synest vi er ekstra stas og skulen er ein møteplass der det er rom for å bli kjent med nye menneske.
Eit godt skulemiljø er eit varemerke for Firda og vi brukar ein god del ressursar på å legge til rette for at de som er elevar her skal ha gode dagar både på skulen og etter skuletid. Å skape eit trygt og godt skulemiljø er eit lagarbeid der alle er med og bidreg, velkomen til å bli med på dette laget.
På heimesida vår finn du nyttig informasjon om skulen og skuleåret. Det er ein god ide å bruke litt tid på heimesida og på den måten gjere seg kjent med skulen og kva som skal skje gjennom skuleåret.
Då vil eg ynskje alle hjarteleg velkomen til fyrste skuledag hausten 23. Vi startar skuleåret med samling for alle i kultursalen måndag 21.08 kl 08.30
For dykk som er nye ved Firda denne hausten inviterer vi deg og føresette til omvising på skulen søndag 20.08 kl 17
Helsing Hallgeir Hansen
Rektor Firda vgs
Praktisk informasjon
Her finn de oversikt over viktig informasjon og diverse skjema de må fylle ut:
Søk Lånekassen om stipend/lån: https://lanekassen.no/nn-NO/
- Alle som går på vidaregåande skule har rett på utstyrsstipend. Summen vil variere avhengig av kva utdanningsprogram du skal gå på.
- Har foreldra dine svært låg inntekt, kan du ha rett til meir stipend.
- Hybelbuarar med over 40 km reiseveg, eller reisetid på meir enn 3 timar om dagen, eller andre særlege årsaker til at dei ikkje kan bu heime, har rett på bortebuarstipend.
- Du kan søke om stipend/lån no. Lånekassen behandler saka så snart du har fått bekrefta skule plass.
Avtale om lån av læremiddel / lærebøker: https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev
- Du kan låne bøker til utdanninga di på vidaregåande skule gratis. Dette krev at du signerer på ein låneavtale med fylkeskommunen.
- Dersom elev er under 18 år, må også føresett signere på avtalen.
- Klikk på lenke og elevenloggar seg inn med bank-id, les gjennom avtalen og signerer digitalt.
- Når elev har signert, vil det gå ein sms til telefonnummeret til den føresette, eleven har oppgjeve under si signering. Sms vil innehalde ei lenke. Den føresette må klikke på lenka, logge seg inn med bank-id og signere avtalen digitalt.
Lenke til bestilling av elev-pc: Elev-PC Kven kan kjøpe - Vestland fylkeskommune
- Tilbodet gjeld kun for vg 1 -elevar. Du vil difor ikkje få tilbod om kjøp av elev-pc med rabattert pris gjennom fylkeskommunen i vg 2 eller vg 3.
- Elevar ved vaksenopplæringa som startar direkte på vg2 eller vg3 pga tidlegare realkompetanse, har også rett til å bestille pc.
- Ved bestilling er det elev som må logge seg inn for å bestille. Dersom andre enn vg1-elev med bekrefta skuleplass loggar seg inn, vil ikkje bestillinga bli godkjent.
Lenke til samtykkeskjema for bilder: https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/samtykke_bilde
- Elev loggar seg inn med bank-id for å signere.
Elevar med rett til skuleskyss må bestille dette her:
Velkommen til Skyss Elev! - Skyss Elev (vlfk.no)
-
Du kan velje mellom å ha eit fysisk skuleskysskort eller å få billetten på mobil. Dersom du ynskjer fysisk kort kryssar du ikkje av at du vil ha billetten på mobil og hoppar over trinna under som gjeld dette.
Elevar som ynskjer fysisk skuleskysskort og ikkje har hatt skuleskysskort på vidaregåande skule tidlegare, vil få nytt kort utlevert på skulen i løpet av dei første vekene etter skulestart.
Dersom du ynskjer billetten din på app på mobil:
- Kryss av for at du ønskjer å få billetten på mobil i søknaden om skuleskyss og oppgje telefonnummeret ditt.
- Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din
- Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgjer i søknaden
- Når du har registrert at du ynskjer skuleskyssbillett på mobil og søknaden er godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billettar” i appen på alle skuledagar
- Reis som vanleg til og frå skulen, og vis fram skuleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.
- Har du allereie søkt skuleskyss, men ynskjer billetten på mobil? Då kan du enkelt sende inn søknaden på nytt og be om å få skuleskyssbilletten på mobil.
- Det vert sendt ut to billettar kvar dag. Éin frå heim til skule / praksisplass som kan nyttas i tidsrommet frå kl.06:00-12:00 og éin frå skule / praksisplass til heim som kan nyttast i tidsrommet kl.12:00-22:00.
Elevar på vg 2 og vg 3 som skal vidareføre skuleskyssen sin, brukar det skuleskysskortet som du har fått på vg 1 dersom du har fysisk kort, eller send inn ny søknad og be om å få billetten på mobil.
Kortet blir deaktivert i sommarferien. Du må aktivere det på nytt inne på lenka, uansett om det er fysisk kort eller på mobil.
For elevar på Idrettsfag
- Elevar som skal starte på idrettsfag bør nytte sommaren til å førebu seg på ein kvardag med mykje trening. Legg eit godt grunnlag i sommar, slik at ikkje overgangen blir for stor når de startar opp til hausten.
- Det kjem ein overnattingstur i løpet av dei fyrste vekene. Om du er hybelbuar er det lurt å ta med seg sovepose, liggeunderlag og turkle til skulestart. Har du sykkel er det fint om du tar med den også. Du må og ha gode innesko til bruk i hallen og gode joggesko til bruk ute.
- Som elev på idrettsfag får du utvida utstyrsstipend.
- Les sommarhelsing frå fagkoordinator til nye elevar på idrettsfag her: velkomstbrev idrettsfag
Hybel
Skulen har tidlegare prøvd å administrere ei liste over tilgjengelege hyblar. No går det meste av annonsering kring hyblar føre seg på Facebook og det er vanskeleg for skulen å halde ei oppdatert liste, spesielt under ferieavvikling. Vi anbefaler difor alle som er på jakt etter hybel å nytte seg av facebookgruppa "Kjøp, salg, gje vekk i Gloppen". Her kan du finne hyblar som er lagt ut for utleige og/eller du kan legge ut eigen annonse.
Open skule
Open skule er eit viktig tilbod ved Firda vgs. Gjennom open skule ynskjer vi å legge til rette for sosiale møteplassar både på skulen og utanom vanleg skuletid. Det er eit lavterskel tilbod med mat, aktivitetar og prat. Dette skal vere ein sosial arena for trivsel og godt skulemiljø.
Open skule lokala finn du i kjellaren i A-bygget. Her er planen for dei to fyrste vekene av skuleåret:
Veke 34
|
Dag |
Kva skjer? |
Klokkeslett |
|
Måndag 21.august |
Konsert og grilling på skuleplassen |
18.00 |
|
Tysdag 22. august |
Bli kjent kveld – biljard, bordtennis, brettspel, e-sport - gratis kvelds |
18.00 |
|
Onsdag 23. august |
Aktivitetskveld – sandvolleyball, basketball, klatring - gratis suppe |
18.00 |
|
Torsdag 24. august |
Bingo – enkel servering |
18.00 |
Veke 35
|
Dag |
Kva skjer? |
Klokkeslett |
|
Måndag 28. august |
Tur til TIN-CAMP – aktivitetar og grilling |
18.00 |
|
Tysdag 29. august |
Open skule – gratis kvelds |
18.00 |
|
Onsdag 30. august |
Aktivitetskveld – kajakkpadling ++ Nachosbolle kr 20,- |
18.00 |
|
Torsdag 31. august |
Open skule – enkel servering |
18.00 |
