Velkomen til nytt skuleår

A-bygget ved Firda vgs og skuleplassen

Skulestart måndag - omvising for føresette søndag

Det er stor stas å kunne ynskje nye og gamle elevar velkomne til nytt skuleår. I år er det ingen grenser for kor mange som kan samlast i eitt rom. Fyrste samling vert difor for alle måndag 15. august kl 08.30 i kultursalen ved skulen.

I år og er det mange elevar som skal bu på hybel. Vi veit at fleire flyttar inn på hybelen søndag før skulestart. De er velkomne til å ta med foreldra dykkar til ei enkel omvising på skulen søndag 14.08 mellom kl 16 og 17.

Vel møtt

Helsing Hallgeir Hansen
Rektor Firda vgs