Hopp til hovedinnhold

Skulemiljøutvalet

Skulemiljøutvalet 2026/27

Repr. fylkeskommunen/leiinga: Tove Hanne Ommedal (rektor)

Repr. tilsette:         Sine Charlotte Gade (Verneombod)

Repr. elevrådet:      Anna Øren (2DANS) 

Repr. elevrådet:      Jakob Sande Haugset (1STA) 

Repr. elevrådet:       Natalie Vangen Vågen (1MUA) 

Her kan du lese meir om skulemiljøutvalet sine oppgåver

Skulemiljøutval:

  • Har fokus på arbeidsmiljøet til elevane
  • Består av 3 representantar frå elevrådet (elevane skal vere i fleirtal)
  • Rektor (representerer fylkeskommunen)
  • Ein valt representant frå dei tilsette
  • Skulemiljøutvalet ved Firda vgs fungerer også som skuleutval

 

Skulemiljøutvalet (SMU) er eit lovpålagt samarbeidsorgan ved alle grunnskular og vidaregåande skular i Noreg, som skal sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Utvalet skal bidra til at skulen, elevane og foreldra samarbeider aktivt for å skape ein triveleg skulekvardag. SMU er eit rådgivande organ som skal uttale seg og gi råd i saker som handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 

Skulemiljøutvalet består av 3 representantar frå elevrådet og elevane skal vere i fleirtal i utvalet. I tillegg sitt rektor og ein valt representant frå dei tilsette i skulemiljøutvalet.