Firda vidaregåande – meir enn ein skule
Firda vgs ligg på Sandane i Gloppen kommune. Vi har 342 elevar og 60 tilsette. Vi er kjent som ein hybelskule der ca 50% av elevane bur på hybel. På ettermiddag/kveldstid har vi Open skule som er eit aktivitetstilbod til alle våre elevar. Her kan du gjere lekser, møte venner, kjøpe billeg middag, vere med på klatring og ete gratis kvelds. Her møter du våre miljøkoordinatorar, som er med på å skape trygge gode rammer for elevane.
Velkomen som elev ved Firda vidaregåande skule!
Her kan lese litt om fyrste skuledag ved Firda vgs, litt om skulekvardagen, utstyrsstipend, pc-ordning og skuleskyss.Helsesjukepleiar på Firda vgs
Britt Elin Fjellestad ( tlf 979 91 074 ) og Else Marie Aske ( tlf 979 91 073 ) vekslar på å vere her følgande dagar: tysdag kl 08.30 - 15.45 og torsdag kl 08.30 - 15.45 (sommartid kl 15.00) Dei har kontor i kjellaren i B-blokka, i gangen ved IKT-avdelinga.Aktuelle saker
25.06.2025
God sommar!
Vi ynskjer elevar og tilsette ein riktig god sommar. Lykke til vidare til elevar som er ferdige. Vi ser fram til å møte noverande og nye elevar til nytt skuleår måndag 18. august.

02.06.2025
Avslutningsmarkering for vg3
Torsdag 19. juni 2025 kl. 17.00. - 18.30 i kultursalen på Firda vgs.
