Firda vidaregåande – meir enn ein skule
Firda vgs ligg på Sandane i Gloppen kommune. Vi har 342 elevar og 60 tilsette. Vi er kjent som ein hybelskule der ca 50% av elevane bur på hybel. På ettermiddag/kveldstid har vi Open skule som er eit aktivitetstilbod til alle våre elevar. Her kan du gjere lekser, møte venner, kjøpe billeg middag, vere med på klatring og ete gratis kvelds. Her møter du våre miljøkoordinatorar, som er med på å skape trygge gode rammer for elevane.Open skule
Open Skule er eit tilbod til elevane både på dagtid og eit fritidstilbod om kveldane. Opningstida vår dette skuleåret er måndag, tysdag og onsdag kl. 17.00 - 21.00. På dagtid er lokala opne, slik at du kan slappe av, gjere lekser, spele spel eller ete nista.Helsesjukepleiar på Firda vgs
Britt Elin Fjellestad ( tlf 979 91 074 ) og Else Marie Aske ( tlf 979 91 073 ) vekslar på å vere her følgande dagar: tysdag kl 08.30 - 15.45 og torsdag kl 08.30 - 15.45 (sommartid kl 15.00) Dei har kontor i kjellaren i B-blokka, i gangen ved IKT-avdelinga.Aktuelle saker
22.01.2025
Digital open kveld for 10. klassingar og føresette
Digitalt informasjonsmøte onsdag 22. januar frå kl. 19.00.
22.01.2025
Musikal 2025 - Urinetown
Heile musikk-, dans- og dramalinja ved Firda vidaregåande kjem saman for å lage denne musikalen, og dyktige elevar frå heile Sogn og Fjordane er i aksjon for å skape nok ei god musikaloppleving ved Firda. For musikk- dans- og dramalinja er musikale...
14.01.2025
Ledig stilling som avdelingsleiar
Firda vgs har ledig 100 % stilling som avdelingsleiar i perioden 01.03.2025 - 31.07.2026 Søknadsfristen er utvida til 20. januar 2025