Hopp til hovedinnhold
Bilde av Gamlebygget og skuleplassen ved Firda vgs (Foto: Geir Skagen)

Firda vidaregåande – meir enn ein skule

Firda vgs ligg på Sandane i Gloppen kommune. Vi har 342 elevar og 60 tilsette. Vi er kjent som ein hybelskule der ca 50% av elevane bur på hybel. På ettermiddag/kveldstid har vi Open skule som er eit aktivitetstilbod til alle våre elevar. Her kan du gjere lekser, møte venner, kjøpe billeg middag, vere med på klatring og ete gratis kvelds. Her møter du våre miljøkoordinatorar, som er med på å skape trygge gode rammer for elevane.
Gamlebygget på Firda vgs med skuleplassen og grøntområde i framgrunnen

Velkomen som elev ved Firda vidaregåande skule!

Her kan lese litt om fyrste skuledag ved Firda vgs, litt om skulekvardagen, utstyrsstipend, pc-ordning og skuleskyss.

Helsesjukepleiar på Firda vgs

Britt Elin Fjellestad ( tlf 979 91 074 ) og Else Marie Aske ( tlf 979 91 073 ) vekslar på å vere her følgande dagar: tysdag kl 08.30 - 15.45 og torsdag kl 08.30 - 15.45 (sommartid kl 15.00) Dei har kontor i kjellaren i B-blokka, i gangen ved IKT-avdelinga.

Aktuelle saker

25.09.2025

Hospitering ved Firda vgs.

Hospitering for 10. klasse måndag 20. og tysdag 21. oktober

Gamlebygget på Firda vgs med skuleplassen i framgrunnen
23.09.2025

Ledig stilling som miljøkoordinator

Vikariat i 60 % stilling.

oversiktsbilde over Firda vgs og Trivselshallen med grå skyer i bakgrunnen
16.09.2025

Haustfest vg2

Torsdag 2. oktober kl. 18.30 på Firda vgs.

Tre med haustlege fargar på blada