Firda vidaregåande – meir enn ein skule
Firda vgs ligg på Sandane i Gloppen kommune. Vi har 270 elevar og 75 tilsette. I tillegg har vi vel 100 deltakarar på vaksenopplæringa. Vi er kjent som ein hybelskule der ca 50% av elevane bur på hybel. På ettermiddag/kveldstid har vi Open skule som er eit aktivitetstilbod til alle våre elevar. Her kan du gjere lekser, møte vener, kjøpe billeg middag, vere med på klatring og ete gratis kvelds. Gjennom skuleåret har vi mange kjekke arrangement som for eksempel haustfest, nyttårsball, musikal, danse- og dramaframsyningar for å nemne noko.
Open skule på Firda vgs.
Open skule er eit tilbod til elevane på dagtid og 3 kveldar i veka: kvar måndag, tysdag og onsdag kl 17-21. Her kan du gjere lekser, spele spel eller slappe av. Nokre kveldar kan du òg få deg middag her.
Open kveld ved Firda vgs tysdag 27. januar
Velkomne til samling i kinosalen kl 18 med orientering om « Firda-livet». Rådgjevar, avdelingsleiar og rektor orienterer. Etterpå vert det stands i kantina med informasjon om studieretningane og tilboda våre. Frå 1915 vert det omvisning på skulen for dei som ynskjer det. Håpar vi ser deg!Aktuelle saker
19.01.2026
Musikal 2026 - Legally blonde
Fredag 13. og laurdag 14. februar i kultursalen i Trivselshagen på Sandane.

05.01.2026
Open kveld ved dei 4 vidaregåande skulane i Nordfjord
For elevar i 10. klasse og føresette

05.01.2026
Undervisningsevalueringa 2025/2026
Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2025/2026.

