Firda vidaregåande – meir enn ein skule
Firda vgs ligg på Sandane i Gloppen kommune. Vi har 342 elevar og 60 tilsette. Vi er kjent som ein hybelskule der ca 50% av elevane bur på hybel. På ettermiddag/kveldstid har vi Open skule som er eit aktivitetstilbod til alle våre elevar. Her kan du gjere lekser, møte venner, kjøpe billeg middag, vere med på klatring og ete gratis kvelds. Her møter du våre miljøkoordinatorar, som er med på å skape trygge gode rammer for elevane.Høyring; Heilskapeleg plan for tilbodsstruktur i Vestland Fylkeskommune
Vi utfordrar med dette både elevar og foreldre til å la seg høyre i saka om ny tilbodsstruktur. Høyringsfristen er 20. mai. Bruk lenka under. Det vert informasjonsmøte på Eid vgs tysdag 30.04. kl 18.00.Ny helsesjukepleiar
Else Marie Aske ny helsesjukepleiar her på Firda. Opningstider som før: Helsestasjon for ungdom på helsestasjonen i sentrum måndagar kl 13.00-15.45. Kontortid på Firda; tysdagar kl 08.30 – 15.45 og torsdagar kl 08.30 – 15.45. Tlf. nr. ved behov for fråværserklæring ved sjukdom: Britt Elin 97991074Aktuelle saker
26.04.2024
Gloppenmodellen 10 år
Hausten 2023 var det 10 år sidan vi starta opp med Gloppenmodellen og helsefagtilbodet på Firda vgs. 24. april 2024 vart dette markert med fagdag på Firda vgs og festmiddag på Gloppen Hotell.
25.04.2024
Firdafestivalen 2024
Musikklinja, danselinja og dramalinja inviterar til 3 ulike framsyningar 19. - 26. april 2024.
19.04.2024
Jubel på Firda etter dans- og dramavedtak
Tusen takk for all støtte i jobben med å få vidareført tilbodet neste skuleår.