Firda vidaregåande skule/Elev og føresett/Praktisk informasjon/Utdanningsval
Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Hospitering

Måndag 2. og tysdag 3 mars er det hospitering for 9.klassingar på Firda vgs. Her finn de meir informasjon om hospiteringsdagane

Begge dagane startar vi kl. 10.15 og sluttar kl. 14.30.

Måndagen er det oppmøte i kultursalen (Trivselshagen). Der blir det ei kort fellesøkt med orientering om dagane, før elevane blir fordelte etter dei utdanningsprogramma dei har meldt seg på.

Tysdagen møter de slik det er oppsett på timeplanen for dagen.
Timeplanane for dei aktuelle utdanningsprogramma får de når de kjem på skulen den 2.mars.De kan og sjå timeplanane her:

Idrettsfag (endret 26.02)

Studiespesialisering

Musikk

Dans

Drama

 

Hugs

Dei som skal på idrett, dans eller drama må ha med seg treningsklede.

Dei som skal på musikk kan godt ha med seg instrument dersom dei er bærbare.

Det må også kome fram av påmeldinga om elevane det gjeld ønskjer musikklinja eller danselinja eller dramalinja.

 

Mat

Skulen har kantine som er open heile skuledagen. Her vert det høve for elevane å kjøpe god og billeg mat.

Medfølgjande lærarar, som vi reknar med vil vere med rundt i klassene, får servert mat på personalrommet/studierommet. 

Leiinga og rådgjevarar ved skulen vil vere tilgjengelege for spørsmål under hospiteringsdagane.  

Har de spørsmål i forkant, ta kontakt med: 

Turid Korterud
Tlf. 57825352 / 41530882
E-post: turid.korterud@sfj.no 

Vi ønskjer dykk velkomne til Firda vidaregåande skule og håper de får nyttige og hyggelege dagar her.