Firda vidaregåande – meir enn ein skule
Firda vgs ligg på Sandane i Gloppen kommune. Vi har 342 elevar og 60 tilsette. Vi er kjent som ein hybelskule der ca 50% av elevane bur på hybel. På ettermiddag/kveldstid har vi Open skule som er eit aktivitetstilbod til alle våre elevar. Her kan du gjere lekser, møte venner, kjøpe billeg middag, vere med på klatring og ete gratis kvelds. Her møter du våre miljøkoordinatorar, som er med på å skape trygge gode rammer for elevane.
Open skule på Firda vgs.
Open skule er eit tilbod til elevane på dagtid og 3 kveldar i veka: kvar måndag, tysdag og onsdag kl 17-21. Her kan du gjere lekser, spele spel eller slappe av. Nokre kveldar kan du òg få deg middag her.Aktuelle saker
05.01.2026
Open kveld ved dei 4 vidaregåande skulane i Nordfjord
Til elevar i 10. klasse og føresette

05.01.2026
Undervisningsevalueringa 2025/2026
Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2025/2026.


